Framtid

Naturen, hardtarbeidande menneske og teknologisk innovasjon har brakt oss dit me er i dag. Og, det er dette som skal ta oss inn i framtida.

Framtid

Naturen, hardtarbeidande menneske og teknologisk innovasjon har brakt oss dit me er i dag. Og, det er dette som skal ta oss inn i framtida.

Bærekraft

Me trur på langsiktighet og bærekraftig bruk av dei fantastiske natur-ressursane i regionen. Derfor investerer me også tungt i forskning og innovasjon.

Miljø & klima

Me ynskjer å bidra til å nå verdas klimamål. Me er overbevist om at betre bruk av havet som kjelde til mat er blant dei viktigaste tiltaka. Dermed blir det også viktig å skåne havet frå industri som set for store fotavtrykk. Våre tiltak spenner seg frå; fôr med lavt CO2-avtrykk; til flåtar supplert av landstraum; til avlusning med varmt vatn som einaste medikament. Fleire innovative og bærekraftige løysningar kan du lese om i artiklane under.

Generasjonsperspektiv

Solid økonomi er fundamentet for eikvar verksemd med eit langsiktig perspektiv. Vårt økonomiske fokus handlar ikkje om neste kvartals- eller årsavslutning, men om bærekraft gjennom generasjonar. Me veit at vår bransje konkurrerer internasjonalt og er utsett for økonomiske svingningar. Derfor held me hovudet kaldt, investerer i folk, drift og teknologi - og gler oss over å få være ein viktig del av verdas flottaste lokalsamfunn.

Innovasjon

Fra nedsenkbare merdar til stordata og kunstig intelligens: Innovasjon har sidan starten vore ein bærebjelke i vår drift og utvikling. Me er oppriktig stolte over å være blant dei verksemdene som set kursen for norsk oppdrettsnæring.