Folk

Våre medarbeidarar og lokalsamfunna der me driv er heltane i historia om Eide Fjordbruk.

Folk

Våre medarbeidarar og lokalsamfunna der me driv er heltane i historia om Eide Fjordbruk.

Filosofi

Filosofien vår er enkel: Fisk som har det godt er fisk som også smakar godt. Menneska som jobbar hos oss er garantistane for at fisken har det bra, dette sikrar igjen gode lokalsamfunn med trygge arbeidsplassar.

Menneska

Folka som jobbar i Eide Fjordbruk er ryggrada vår. Dei er opptekne av fisken, kvarandre og verdien av trygge arbeidsplassar. Eide-familien driv selskapet i eit generasjonsperspektiv. Det betyr at alt me gjer skal bidra til å sikre sunn, langsiktig og bærekraftig drift.

Administrasjon

Dagleg leiar
478 21 234Mail
Økonomisjef
952 60 640Mail
Samfunnskontakt
951 10 442Mail
Kontorsjef
977 59 780Mail
Analysesjef
403 93 830Mail
IT-ansvarleg
992 94 601Mail
Prosjektkoordinator
984 01 409Mail
HR-ansvarleg
913 16 623Mail

Produksjon

Produksjonssjef matfisk
913 07 372Mail
Produksjonssjef smolt
928 22 673Mail
Teknisk sjef
482 09 847Mail
Veterinær
975 21 071Mail
Kvalitetssjef
901 95 645Mail
Leiar Automasjon og Elektronikk
466 48 554Mail
Driftsleiar Hisdalen / Hondskår
951 18 780Mail
Driftsleiar Hågardsneset / Brandaskuta
992 06 220Mail
Driftsleiar Langøy / Ospeneset
909 57 528Mail
Driftsleiar Fyllingsnes S / Eikebærånæ
971 91 895Mail
Driftsleiar Eidestøa
918 61 087Mail

Vår historie

Eide-familien har ein tradisjon for matproduksjon som strekkjer seg attende til 1600-talet. I snart 50 år har me vore med og bidrege til utviklinga av den norske oppdrettsnæringa. Vårt perspektiv har alltid vore langsiktig, det skal det fortsetje å være.
2019
Visningssenteret «Salmon Eye» vert ein realitet. I fyrste omgang fekk søknaden avslag men etter oppdatering av visningskonseptet og justering av søknad gjorde myndighetene ei ny vurdering. Den 12. juni 2019 kom den positive meldinga om at Eide Fjordbruk får «grønt lys» for det spektakulære visningskonseptet. Det er lokaliteten Hågardsneset utanfor Rosendal som vert base for Salmon Eye. Målet for visningssenteret er å gi eit objektivt bilete av fotavtrykket til matproduksjon i sjø, både positive og negative avtrykk. Det er planlagt åpning og oppstart av visningssenteret vår/sommar 2021.
2018
I 2018 vert Eide Fjordbruk nominert og kåra til årets Gasellevinnar i Hordaland og som vinnar i Hordaland vert bedrifta nominert til årets Gaselle i Norge. I kamp med ei rekkje flotte gasellebedrifter frå heile landet vinn Eide Fjordbruk prisen som årets gasellebedrift i Norge. Næringslivsavisa Dagens Næringsliv har kåra norske gaselleselskap sidan 2003. Sommaren 2018 kjøper Eide Fjordbruk litt over 80 % av aksjane i setjefiskanlegget Lialaks AS i Solund kommune. Eide Fjordbruk eig og driv anlegget vidare saman med brødrene Svein og Arvid Lien. Svein Lien fortset som dagleg leiar i Lialaks etter at Eide Fjordbruk kom inn som majoritetseigar. Eigar, dagleg leiar og oppdrettsgründer Knut Frode Eide gjekk bort 12. november 2018 berre 59 år gamal etter 8 år kamp mot hjernekraften. Gjennom meir enn 30 år har Knut Frode utvikla Eide Fjordbruk frå ei lita «attåtnæring» til ei bedrift med omsetnad på mange hundre millionar og aktivitet i mange ulike kommunar. Eide Fjordbruk var på mange måtar «livet» til Knut Frode. Det er eit stort tap for familien, verksemda og dei tilsette at Knut Frode går bort altfor tidleg.
2017
Dagleg leiar Knut Frode Eide vart kåra til årets namn i sjømatnæringa i 2017. Vinnaren vert kåra etter ei avstemming i heile sjømatnæringa. Prisen vert tildelt ein kandidat som har gjort det godt både med omsyn til eiga bedrift og i samfunnet ellers. Ved tildelinga av prisen vert det vektlagt openheit i eiga verksemd og eige arbeid, samt at kandidaten har bidrege til å auke omdømet til næringa. I juryens begrunnelse vart det særlegt trekt fram at Knut Frode alltid har vore «føre si tid», og at han og bedrifta har skapt verdifulle arbeidsplassar i lokalsamfunnet. I løpet av 2017 starta Eide Fjordbruk utviklinga av eit unikt pilotprosjekt innan digitalisering. Prosjektet vert jobba fram saman med Trondheimselskapet Searis AS. Prosjektet eller nærmare bestemt dataplattforma som er under utvikling har produktnamnet Clarify. Den nye dataplattforma vil leggje til rette for diskusjon mellom fagfolk for å gjere data om til kloke beslutningar og dermed betre drift i oppdrettsanlegga.
2016
29. mars 2016 vil gå inn i bedrifta sine historiebøker som ein av dei beste dagane nokosinne. Eide har etter ein årelang tvist med staten fått kompensasjon for matfiskkonsesjonar Eide og Fyllingsnes skulle vorte tildelt i 2009. Bedrifta har no åtte kommersielle matfiskkonsesjonar i tillegg til eit FOU-løyve, og er med dette godt rusta for vidare vekst inn i framtida som matprodusent i sjø.

Lokalitetar

All drift i Eide Fjordbruk, frå smoltanlegget i Eidestøa til merdane i sjøen fokuserer på å drive i pakt med naturen og å sikre bærekraft på lang sikt.
Me har åtte lokalitetar i Hardanger og Nordhordland. Felles for lokalitetane våre er den vestlandske naturen og dei unike fjordane. Kombinasjonen av varmt vatn frå Atlanterhavet, smeltevatn frå fjellet og frisk norsk luft gjer dei vestlandske fjordane til den aller beste staden å leve, både for fisk og menneske — i allefall etter vår meining.