Året 2020
Eide har vore matprodusent i 50 år. Besten Knut Johan Eide starta oppdrett i ferskvatten med aure, pappen utvikla selskapet til sjø og lakseproduksjon i stor skala. Eide er ikkje eit ferskvatten eller sjøvattenselskap, me er ein matprodusent. Hos oss arbeider me for at alle detaljer i produksjonen frå rognkorn til slakteresultat kontinuerleg skal forbetrast. Som tredje generasjon matprodusentar i sjø er vårt fokus å laga verdiskapande mat på ein mest mogleg effektiv og rasjonell måte. Produksjonen må skje utan at det går utover mogelegheitene for kommande generasjonar til å gjere det same. Me vil utvikle vår matproduksjon i sjø med å få biologien nærast mogleg naturen, utvikla teknologi for å betre biologien samt ha dialog med dei som skal ete maten vår for å setje standarden for framtidas havbruk.
2020 skulle våre eit år der me feira 50 år, men vart eit sosialt utfordrande år for alle menneskjer. Alle bedrifter er eit produkt av dei som jobbar i bedrifta. Då er eg i eit år som 2020 spesielt glad for at me har dei flinkaste folka som bryr seg mest om fisken og som brenn for å kontinuerleg forbetra biologien. Me leverer gode resultat både økonomisk og kva gjelder miljø, klima og berekraft. Samtidig veit me at me må investera og endra oss for å vekse og tilpasse oss forventningar, krav og forbrukarynskjer i framtida. Folka våre er den viktigaste ressursen me har, og me er stolte over å ha dei beste og mest dedikerte folka hjå oss.
Prestasjon
COVID-19 har gjort 2020 til eit år alle vil hugsa. Sosialt sett har da vore vanskelig, der ein ikkje har kunna møtt kvarandre fysisk for å diskutera. Markedsmessig har året også våre utfordrande då HORECA marked har vore sterkt redusert. Dette har ført til lavare laksefiskprisar, som for Eide sin del har redusert vårt resultat markant. Men situasjonen har samtidig skapt nye marked som vil være der etter pandemien. Dette gjeld spesielt at kunden sjølv har måtta kjøpt fisken og tilbereda den sjølv. Dette er svært interessant då sluttkunden kjem nærare produktet og forståelsen av å bruka da. Me trur sluttkunden vil setje hardare krav til maten dei konsumere og vil veta meir om korleis den er produsert. I Eide har me derfor starta arbeidet med vår eige merkevare Salmon Zero.
Operasjonelt har 2020 har vore eit år der alle i Eide har utvikla bedrifta enormt. Me har mellom anna klart å halvere dødelegheita i produksjonen vår, noko som medfører en dødelegheit ned mot 2 % for enkelte lokalitetar. Me har produsert laks frå vanlig smoltstørrelse til 5 kg på 7,5 månader. Me har satt produksjonsrekord med 15.367 tonn i volum og sjølv om me framleis ventar på endelege vedtak meiner me òg at me har klart unntaket i trafikklyssystemet på alle våre eigne lokalitetar.
I tillegg har me produsert verdas fyrste karbonnøytrale laks. I den samanheng er da fantastisk at me har klart å redusera utsleppa frå verdikjeda vår frå 3,99 kg CO2e til 2,95 kg CO2e per kg laks produsert, tilnærma 30 % reduksjon på eit år. Me har òg laga eit eige klimaregnskap, slik at me lettare kan følgje utviklinga for utslepp i heile produksjonskjeda, og setje inn tiltak for å redusera utslepp ytterlegare.
Dette er eit arbeid me jobbar vidare med. Med oppkjøpet av Nordfjord Forsøksstasjon ynskjer me å finne og utvikle nye fôrråvarer til å redusere utsleppet mot vårt mål som er 0 kg CO2e. Samtidig er arbeidet godt i gang med å elektrifisere heile fartøyflåta vår, samt alle våre lokalitetar.
Framtida
Eg er stolt av medarbeidarane me har i Eide. Som med andre nedturar har ein stått opp og arbeida saman for å snu ein hard motbakke til god trening. Flaks får ein meir av desto meir ein trene. Me skal trena det som skal til for å setje standarden for framtidas havbruk. Best moglege utnytta havet til å laga verdiskapande mat på ein måte som ein kan gjere i generasjonar. Det vert ikkje enkelt og da vil krevje ein enorm innsats frå alle i bedrifta og samarbeidspartnarar. Me vil gjere feil, for om ein skal utvida og flytte grenser må ein gjere feil som ein lære av. Sjølv om me ligg i eit område der trafikklyset er rødt og gult, skal me bruka da til vår fordel og utvikla oss raskare, omstilla oss betre, og dermed koma fortare til framtida.
Eg er ein veldig stolt tredje generasjon matprodusent i sjø. Eg er utruleg stolt av kva me gjer og maten næringa vår lagar. Men det er mange som er usikker på vår næring og har mange spørsmål til korleis me driv, korleis me behandlar fisken og naturen. Da er veldig bra og sunt. Men da er veldig viktig at me som matprodusentar fortel om korleis me driv, kvar me kjem frå og kva me tenkjer om framtida. Sjølv om kundane våre er globale treng me lokal støtte i Noreg. Våre fortrinn er enorme og om me nyttar dei rett vil me være leiande innan havbruk inn i framtida. Men då må me fortelja da me veit til alle og ikkje berre til oss sjølv. Eide vil derfor opna visningssenteret Salmon Eye i første halvdel av 2022. Senteret skal vera eit monument for kunnskap, informasjon, innovasjon og utvikling.
Det skal vere uavhengig av Eide Fjordbruk, og bidra til at både dei utfordringane næringa må løyse setjast på dagsorden, samstundes som moglegheitene og innovasjonskrafta løftast fram.
Me er offansive i Eide. Me veit framtida skapast med hardt arbeid, innovasjon og optimisme. Eg seier som pappen, me gjer oss ikkje, me går til me dauer.
Sondre Eide,
Tredje generasjon lakseoppdretter