Kapittel ⑤
Berekraftrapport

Framtid

Me vil sette standarden for framtidas havbruk og drive matproduksjon i sjøen på ein berekraftig måte for framtida og kommande generasjonar. Derfor satsar me på innovasjon innanfor både nye fôrråvarer, digitalisering og bruk av ny teknologi. Dette kan du lese meir om her.
7
EBIT/kg sløyd
16 408
Volum slakta i rund vekt
55
Eigenkapital (%)
86
Investeringar (millionar NOK)
7
EBIT/kg sløyd
16 408
Volum slakta i rund vekt
55
Eigenkapital (%)
86
Investeringar (millionar NOK)

1

Utvikling av ny teknologi

Vår visjon er å sette standarden for framtidas havbruk. For oss betyr det at me skal ligge i forkant når det gjeld å utvikle og ta i bruk ny og framtidsretta teknologi. Me skal delta aktivt i breie innovasjons- og forskingsprosjekt knytt til ny teknologi og gjennomføre eigne investeringar og utviklingsprosjekt knytt til ny teknologi. For å lukkast meiner me det er viktig å skape ein innovasjonskultur der alle dek del i forbetrings- og endringsarbeidet. Me har derfor som mål at alle i Eide skal nytte minst 20% av tida si på FoU- arbeid, innovasjon og forbetringstiltak.

2

Forsking og utvikling av nye fôrråvarer

Me sit ikkje med svara, men har som mål å bidra til å utvikle framtidas fôrråvarer. Dette vil me gjere gjennom å satse på forsking og fôrforsøk med nye råvarer. Me skal søkje råvarer som er betre for miljøet, utan å gå på kompromiss med verken fiskevelferd eller kvaliteten på sluttproduktet. Desse skal me teste ut i stor skala på våre forsøksstasjonar.

3

Økonomisk berekraft

Me skal ha ei berekraftig vekst i våre slaktevolum samtidig som me opprettheldt ein EBIT-margin som ligg over gjennomsnittet i vår region. I tillegg skal me ha ei solid økonomisk ryggrad og god likviditet for å vere rusta til dårlege år.