Eide med satsing på forsking og utvikling i Nordfjord

Eide Fjordbruk har kjøpt aksjane i Norsk Marin Fisk AS, som blant annet eig FoU oppdrettsselskapet Nordfjord Forsøksstasjon AS. Me ser på dette som ein viktig og strategisk investering som vil forbetra posisjonen vår som ein framtidsretta matprodusent av laks.

Satsing på klima og berekraft gjennom forsking på fôr og fôrråvarer

Eide Fjordbruk satsar på berekraft,teknologi og kvalitet. Me har tidlegare meldt at me er blitt sertifisert som ein klimanøytral verksemd, og til vår kjennskap er me den første lakseoppdrettaren som har nådd dette målet. Me held også for tida på med å lansera Salmon Zero som ein egen merkevare med karbonnøytrale lakseprodukt. Vedå innlemma Norsk Marin Fisk AS i konsernet styrker me ytterlegare satsinga på grøn utvikling og produksjon av sjømatprodukt. Dette er viktig for oss, og noko me ser forbrukarane i stadig større grad etterspør.

I dag kjem om lag 95 % av klimaavtrykket frå norsk laks frå fôr og fôrråvarer. Me har stor tru på at klimaavtrykket frå fôr og fôrråvarer kan reduserast kraftig framover, og det er derfor viktig og kjekt at Nordfjord Forsøksstasjon AS er komen langt innan forsking på bruk av nye berekraftige fôrressursar. Deriblant har dei god kompetanse på fermenterte vegetabilske råvarer, og tare- og insektsmel som er lokalt produsert (Norge, Norden, Polen).

«Oppkjøpet passer perfekt for Eide Fjordbruk AS. For oss er det avgjerande å vere ein pådrivar for å utviklanæringa i ytterlegare klimavennleg retning. Laksen har allereie et lavt karbonavtrykk samanlikna med andre animalske proteinkjelder, men i framtida skal vi få dette karbonavtrykket ytterlegare ned.»
- Sondre Eide, dagleg leiar og tredje generasjons oppdrettar i Eide Fjordbruk

Gode lokalitetar i ein godt egna region

Eide Fjordbruk vurderer både Norsk Marin Fisk sine tre lokalitetar i Nordfjord og regionen som svært godt egna både forforsøksverksemd og matproduksjon i sjø. Det skjer for tida kommunale planprosessar i regionen som vil kunne gje nye mogelegheiter for styrking og utvikling av selskapa framover. Dette gjeld både for forsking, produksjon av høgkvalitet laks og aure, men også ulike former for integrert havbruk.

« I samarbeid med dei tilsette i konsernet Norsk Marin Fisk AS og kommunane der selskapet har si verksemd ser Eide Fjordbruk fram til å vidareutvikla verksemda og intensivere det viktige forskings- og utviklingsarbeidet ytterlegare.»
- Sondre Eide, dagleg leiar og tredje generasjons oppdrettar i Eide Fjordbruk

Om Norsk Marin Fisk AS

Norsk Marin Fisk AS driv med oppdrett av fisk og tilgrensa verksemd, direkte og gjennom dei heileide dotterselskapa Nordfjord Torsk AS og Nordfjord Forsøksstasjon AS. Nordfjord Forsøksstasjon AS er innehavar av 2 FoU-løyver til oppdrett av laks og aura knytt til verksemd i Nordfjord, Vestland. Konsernet har 10 tilsette.