Bakgrunn
Overgang til ikkje-medikamentelle lusebehandlingar er bra for miljøet, men baksida er at det har ført til auka dødelegheit og utfordringar med fiskevelferd dei seinaste åra.
Tiltak
Me arbeidar systematisk og grundig med å sikre god fiskevelferd og å redusere dødelegheita, gjennom alt frå val av genetikk, vaksiner og fôr til å redusere talet på avlusingar og å forbetre sjølve avlusingsoperasjonane. Den daude fisken blir undersøkt og kategorisert, og utviklinga blir følgt tett over tid. Hendingar som fører til unormalt høg dødelegheit, vert rapporter til Mattilsynet.
I tillegg til lusebehandling er laksesjukdommen pankreassjukdom («PD») ein viktig bidragsytar til høg dødelegheit. Her har me nytta nye og meir effektive vaksiner frå og med 2019 for å betre fiskehelsa og auke slaktekvalitet ved eventuell sjukdom.
Eide investerer òg i storskala datafangst gjennom ei rekke sensorar i merdane som kontinuerleg loggar miljøforholda til fisken, mellom anna salinitet, oksygenverdiar og straum for å kunne lære og sjå nye samanhengar som skal hjelpe oss å forbetre oss.
For å snu utviklinga og redusere dødelegheita har me mellom anna fått på plass to beredskapsfartøy for å hjelpe oss og slakte svak fisk som elles kunne døydd. Me har i 2020 òg fått tilsett vår eigen veterinær, Britt Kari. Dette er ei viktig tilsetting for oss for å auka fokuset på fiskevelferd og fiskehelse. Britt Kari hjelper oss med å arbeide målretta med auka biosikkerheit og reiser rundt og hjelper til og inspiserer.