Fisk

I tre generasjonar har me i Eide produsert kvalitetsmat i vestnorske fjordar. Me er sikre på at fisk som har det bra, er fisk som også smakar godt.

Fisk

I tre generasjonar har me i Eide produsert kvalitetsmat i vestnorske fjordar. Me er sikre på at fisk som har det bra, er fisk som også smakar godt.

Kun det beste for fisken

Fisk som har det bra gjev best resultat for bedrifta, lokalmiljøa og kundane våre. Derfor får fisken vår fôr og helsestell i verdsklasse. Det beste fôret for fisken – med høg andel marine råvarer – sikrar også omega 3-innhaldet i fisken.
Me investerer i teknologi og innovasjon som kan bidra til ei bærekraftig drift som sikrar kontinuerleg høg kvalitet. Målet vårt er å gi fisken eit livsløp som er så naturleg som mogeleg, med klekking i ferskt fjellvatn og deretter vekst i merdar plassert i vestlandske fjordar.

Tett på gjennom generasjoner

Familien Eide har drive med matproduksjon i nærområdet sidan 1600-talet, og familien har vore ein av pionerane for utviklinga av fiskeoppdrettsnæringa i snart 50 år. Sidan Knut Johan Eide starta med oppdrett i 1970 har tre generasjonar utvikla verksemda vidare etter same ideologi: at fokus på høg kvalitet i alle ledd gjev langsiktig og sunn drift.

Awards

Utmerkningar

2020, Pris for Laks produksjon på lokalitet «Hågardsneset»

2019, Pris for Laks produksjon på lokalitet «Hondskår»

2018, Årets gasellebedrift i Norge

2018, Årets gasellebedrift i Hordaland

2018, Pris for Laks produksjon på lokalitet «Hågardsneset»

2017, Pris for Laks produksjon på lokalitet «Langøy»

2017, Pris for Laks produksjon på lokalitet «Brandaskuta»

2017, Knut Frode Eide Årets Navn i Norsk fiskerinæring

2016, Pris for Laks produksjon på lokalitet «Hågardsneset»

2016, Pris for Laks produksjon på lokalitet «Hisdalen»

2015, Pris for Laks produksjon på lokalitet «Langøy»

2015, Pris for Laks produksjon på lokalitet «Brandaskuta»

2014, Pris for Laks produksjon på lokalitet «Ospeneset»

2014, Pris for Laks produksjon på lokalitet «Hågardsneset»

2013, Pris for Laks produksjon på lokalitet «Langøy»

Norsk Atlanterhavslaks

Norsk laks noko av det sunnaste ein kan ete. Norske helsemyndigheiter anbefalar oss faktisk å ete to-tre fiskemåltid i veka. Laksen som produserast hos oss utviklar seg i naturlege og gode vestnorske omgjevnader. For å sikre gode forhold legg me vår stoltheit i fremste rekkje på teknologiløysningar for fiskevelferd. Les meir om dette under Innovasjon

Norsk Aure

Me starta med regnbogeaure allereie då bestefar Knut Johan begynte med oppdrett i 1970. Regnbogeaure er eit fantastisk godt og sunt produkt med naturleg lågare feittprosent enn laks, auren er også litt raudare i kjøtet enn laksen. På same måten som for laks så får auren vår utvikle seg under eit av verdas strengaste regelverk for fiskevelferd, bærekraft og hygiene.

Eksport

Kvart år leverer me cirka 3 millionar laks til marknader over heile verda, dette utgjer fantastiske 60 millionar måltid! Det meste havnar på europeiske matbord, men både i USA, Asia og Afrika vert det konsumert kvalitetsfisk frå Eide Fjordbruk. Dette er noko me er svært stolte over!

Verdikjede

Me fokuserer på at fisken vår skal leve eit mest mogeleg naturleg liv, i tråd med dei utviklingsstega fisken ville hatt i naturen. Me er overtydde om at dette gir fisken eit betre liv, noko som igjen gir et betre matprodukt. 

Rognkorn vert lagt inn for klekking og etter to månader startar fôringa av yngelen.
Etter mellom 8 og 14 månader vert smolten frakta frå friskt fjellvatn til vestlandske fjordar. Godt fôr, godt stell og reint fjordvatn gjev rask vekst og fullvaksen fisk på 24 månader frå rogn til ferdig slaktefisk.
Fisken vert frakta frå sjøanlegga, via slakteri, og i løpet av 24 timar kan du finna den flotte fisken i fiskebutikkar verda over.