Kapittel ④

Fjord

Sentralt i vår definisjon av berekraft ligg det at me må ta vare på fjorden og miljøet slik at andre kan hausta frå naturen på same måte som oss. Her kan du lese om miljøstatus (botnforholda) på lokalitetane våre, korleis me arbeidar for å unngå rømming, redusere avfall og utslepp av klimagassar.
2,95
CO2e / kg
0
Rømmingar
0
Koppar brukt
0
Brot på miljøregulativ
2,95
CO2e / kg
0
Rømmingar
0
Koppar brukt
0
Brot på miljøregulativ

1

Miljøstatus ved våre lokalitetar

Me har mål om å ha miljøstatus «Meget god» eller «God» på alle våre lokalitetar innan 2022. I tillegg til dette har me ut ifrå eit føre-var prinsipp beslutta å ikkje lenger nytte kopparimpregnering på nøtene våre, då koppar har ei lang nedbrytingstid og kan ha negativ påverknad på miljøet under anlegget

2

Villaksen og vår påverknad på den

Me har ein nullvisjon for rømming av fisk frå våre anlegg og arbeidar systematisk med førebygging og risikovurdering av operasjonar. I tillegg arbeidar me aktivt for å auka kunnskapsgrunnlaget om oppdrettsnæringa sin påverknad på villaksen.

3

Trafikklyssystemet for berekraftig vekst

Vekst i oppdrettsnæringa vært i dag styrt etter eit trafikklyssystem der lakselus hjå oppdrettslaks sin påverknad på villaksen er einaste indikator for berekraft. Me har mål om å oppfylle dei strenge vilkåra for «grønt lys» på alle våre lokalitetar uavhengig av området sin trafikklysstatus.

4

Avfall – ressursar på avveie

Me skal unngå at ressursar kjem på avvege gjennom å sørge for å ikkje bruke meir enn me må, og gjenbruka der me kan. I tillegg skal me arbeide for å kjempe mot utfordringa med plast i havet og bidra til å halde strendene reine.

5

Laksen som klimavinnar

Me trur at framtidas matproduksjon må vere karbonnøytral og at kundane våre ønsker å kjøpe og ete sunn og god mat utan karbonavtrykk. Me har derfor ein nullvisjon for utslepp av CO2.