Mat med meining
Salmon Eye & Iris
Eit senter som skal inspirere og informere verda om berekraftig mat frå havet. Salmon Eye er Eide sitt visningssenter og heim til restauranten Iris.

Potensialet under overflata
All næring etterlet seg eit fotavtrykk, både positivt og negativt. Salmon Eye er eit senter som kastar lys på både moglegheiter og utfordringar med havbruksnæringa. Me ser ting frå nye perspektiv, oppfordrar til ny tankegang, og reflekterer omkring kva som er naudsynt å gjere i næringa.
.avif)

Mat for framtida
Meir enn ein tredel av verdas klimautslepp kjem frå matproduksjon. Me et fleire gonger dagleg, og kvart måltid er eit val. Vatn dekkjer over 70 prosent av jorda, men står berre for 2 prosent av kaloriane. Korleis kan vi få meir frå havet på ein ansvarleg måte?
INSPIRERE
INFORMERE
FORBETRE
Me trur meir mat bør komme fra havet. Spørsmålet er korleis me skal gjere det. Me kan ikkje produsere meir viss me ikkje utviklar oss. Salmon Eye kaster lys på næringen slik den er i dag, og moglegheiter og utfordringar for morgondagen.





Om prosjektet
Salmon Eye blei opna hausten 2022 etter 13 månader med bygging og fleire år med idéutvikling. Innhaldet er utforma uavhengig av Eide, og kvalitetssikra av eit eksternt rådgivingspanel.


Iris
I midten av auga ligg Iris. Restauranten tek deg med på ei smaksekspedisjon gjennom natur, sesongar og idéar. Menyen har fokus på sjømat byggjer på lokale råvarer med moutforsking. I juni 2024 fekk Iris si første Michelin-stjerne.
Besøk Iris