Minimalt avtrykk, maksimal kvalitet

Watermoon®

Kva om vi det var mogleg å auka produksjonen utan lus, med minimal påverknad på miljøet, og betre fiskehelse?

Kva om vi det var mogleg å auka produksjonen utan lus, med minimal påverknad på miljøet, og betre fiskehelse?

Ei ny epoke for havbruk

Me har utvikla og patentert Watermoon®, ein produksjonsteknologi forma gjennom tett samarbeid mellom driftsoperatørar, ingeniørar, designarar og fiskehelseekspertar. Med meir enn 55 års erfaring frå sjøen og i partnerskap med leiande forskingsmiljø, har me produsert seks generasjonar laks utan lus i Watermoon®.
Watermoon-enheten ved Hondskår ligger i overflaten.

Som i naturen

Watermoon® gir fisken eit optimalt oppvekstmiljø med riktig temperatur, straum og oksygen. Resultatet er god dyrevelferd, jamn kvalitet og ein sterk, sunn fisk.

Bli med

Watermoon® er ikkje berre ein idé. Me har verdas største lukka oppdrettsmerd i sjøen, og dette er berre i starten. Me trur dette kan setje ein ny standard for akvakultur. Tida for handling er no, og me treng dei skarpaste hovuda med på laget. Vil du vere med? Ta kontakt her.

Verdensledande i utvikling av lukka oppdrettsteknologi

Watermoon® er utvikla av oppdrettere for oppdrettere. Over 50 års erfaring ligg til grunn for ein produksjonsplatform som sørger for optimalt miljø for fisken med minimal påverknad på miljøet.

Fleksibelt havbruk

Kva om me kunne dyrka havet kvar som helst? Ved å nytte patentert toppmoderne teknologi held våre nedsenka og beskytta merdar fisken trygg frå eksterne truslar, skjermar havbotnen frå påverknad og opnar nye areal for havbruk

Naturpositiv drift

Kva om me kunne vera naturpositive? Watermoon treng ikkje landareal og har inga synleg påverknad. Slam vert samla opp og nytta. Ved å leggje til lågtrofiske artar i økosystemet kan me òg samle opp oppløyste næringsstoff

Naturtro

Kva om me kunne etterlikne naturen? Skjerma frå eksterne faktorar kan me skape eit unikt og tilpassa miljø for fisken, med riktig temperatur, vasskvalitet og straum, akkurat slik vill laksefisk alltid har hatt det i naturen

Djup forståing

Kva om me kunne forstå fisken betre? Ved å overvake inn- og utdata er me i stand til å auke vår forståing av fisken sine behov. Vår avanserte programvare tillèt oss å ytterlegare tilpasse forholda til det beste for fisken.