Folk

Våre medarbeidarar og lokalsamfunna der me driv er heltane i historia om Eide Fjordbruk.

Folk

Våre medarbeidarar og lokalsamfunna der me driv er heltane i historia om Eide Fjordbruk.

Filosofi

Filosofien vår er enkel: Fisk som har det godt er fisk som også smakar godt. Menneska som jobbar hos oss er garantistane for at fisken har det bra, dette sikrar igjen gode lokalsamfunn med trygge arbeidsplassar.

Menneska

Folka som jobbar i Eide Fjordbruk er ryggrada vår. Dei er opptekne av fisken, kvarandre og verdien av trygge arbeidsplassar. Eide-familien driv selskapet i eit generasjonsperspektiv. Det betyr at alt me gjer skal bidra til å sikre sunn, langsiktig og bærekraftig drift.

Administrasjon

Dagleg leiar
478 21 234Mail
Økonomisjef
952 60 640Mail
Samfunnskontakt
951 10 442Mail
Kontorsjef
977 59 780Mail
Analysesjef
403 93 830Mail
IT-ansvarleg
992 94 601Mail
Prosjektkoordinator
984 01 409Mail
HR-ansvarleg
913 16 623Mail

Produksjon

Produksjonssjef matfisk
913 07 372Mail
Produksjonssjef smolt
928 22 673Mail
Teknisk sjef
482 09 847Mail
Veterinær
975 21 071Mail
Kvalitetssjef
901 95 645Mail
Leiar Automasjon og Elektronikk
466 48 554Mail
Driftsleiar Hisdalen / Hondskår
951 18 780Mail
Driftsleiar Hågardsneset / Brandaskuta
992 06 220Mail
Driftsleiar Langøy / Ospeneset
909 57 528Mail
Driftsleiar Fyllingsnes S / Eikebærånæ
971 91 895Mail
Driftsleiar Eidestøa
918 61 087Mail

Vår historie

Eide-familien har ein tradisjon for matproduksjon som strekkjer seg attende til 1600-talet. I snart 50 år har me vore med og bidrege til utviklinga av den norske oppdrettsnæringa. Vårt perspektiv har alltid vore langsiktig, det skal det fortsetje å være.
2014
Under oppføring av nytt kontorbygg i 2014 vart selskapet råka av stor flaum. Men heltmodig innsats redda fisken i anlegget og kontoret.
2013
Eide Fjordbruk får tildelt FOU-løyve til eit samarbeidsprosjekt med m.a. AquaGen om triploid fisk. Den fyrste triploide rogna vart lagt inn i klekkeriet i januar 2013.
2011
Eide går inn med ca 30 % av aksjane i selskapet SkjelbreidPoirée. Dette er eit forsøk på å bidra til å skapa aktivitet og arbeidsplassar i Hålandsdalen. Prosjektet vert ferdigstilt i 2011.
2009
Knut Frode inngår samtalar med Lindås-selskapet Fyllingsnes Fisk AS om ei eventuell overtaking. Selskapet er eigd av brørne Inge og Steinar Fyllingsnes, og firmenningen deira Egil Fyllingsnes. Fyllingsnes Fisk vert kjøpt av Eide Fjordbruk i løpet av desember 2009. Fyllingsnes Fisk driv med aureproduksjon ved to lokalitetar i Osterfjorden, og dei har rettar til lokalitetane Langøy og Ospeneset i Fensfjorden/Austfjorden i Lindås kommune. Etter nesten 20 år med produksjon av berre laks er familien Eide no attende som produsent av regnbogeaure.

Lokalitetar

All drift i Eide Fjordbruk, frå smoltanlegget i Eidestøa til merdane i sjøen fokuserer på å drive i pakt med naturen og å sikre bærekraft på lang sikt.
Me har åtte lokalitetar i Hardanger og Nordhordland. Felles for lokalitetane våre er den vestlandske naturen og dei unike fjordane. Kombinasjonen av varmt vatn frå Atlanterhavet, smeltevatn frå fjellet og frisk norsk luft gjer dei vestlandske fjordane til den aller beste staden å leve, både for fisk og menneske — i allefall etter vår meining.