© 2017 Eide Fjordbruk AS

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen, Norway

  • facebook
  • instagram
  • linkedin

Her er VINN-vinnarane i sør

   Foto: Cargill

 

På Solstrand-møte i regi av Cargill, har fôrprodusenten kåra dei beste lokalitetane
av haust 15-generasjonen og vår 16-generasjonen i Sør-Noreg på laks og aure.

 

Under festmiddagen fredag kveld vart først dei nominerte presentert, før dei ulike
vinnarane vart offentleggjort seinare på kvelden. På toppen av pallen sto Cargill Innovation Center, Osland Havbruk, Eide Fjordbruk og Lerøy Sjøtroll.


Fiskefôrprodusenten Ewos brukar mykje tid saman med oppdrettaren ute på merd-kanten der verdiane blir skapt. På sine besøk ser dei at det er ulike vilkår og moglegheiter til å skape de gode resultata.

 

I ein produksjonssyklus som strekk seg over 10 til 18 månadar, er det mange faktorar som spelar inn. Lokalitet, fisk, utstyr og fôr er alle viktige element som har stor innverknad på produksjonsresultatet. Den aller viktigaste innsatsfaktoren etter Ewos sitt syn er likevel oppdrettaren på merd-kanten.

 

– Deira fagkunnskap og engasjement, saman med stoltheita til handverket og yrket, er heilt avgjerande for å skape eit godt produksjonsresultat. VINN er konkurransen som set fokus og heidrar dette viktige arbeidet, heiter det i grunngjevinga for utdelinga av prisane.


Ewos brukar EGI til å kåra dei aller beste lokalitetane der det handlar om å klare høgast tilvekst og lågast fôrforbruk. Som alltid er det to konkurranseklasser for laks og aure, og i år deltok fisk sett ut hausten 2015 og våren 2016.


I klassen haust 15G laks vart Cargill Innovation Center sin lokalitet Oltesvik kåra til vinnar, medan Salmar Organic og Eide Fjordbruk var dei andre nominerte med lokalitetane Lybergsvika og Ospeneset.


I klassen for haust 15G aure var det Osland Havbruk sin lokalitet Eidesberget som vart kåra til den beste. Lerøy Sjøtroll sin lokalitet Storevikholmen og Svanøy Havbruk sin lokalitet Austneset var dei to andre nominerte.


Osland Havbruk var også nominert i klassen laks 16G med lokaliteten Mjølsvik, men her var det Eide Fjordbruk sin lokalitet Hågardsneset som gjekk til topps. Bolaks sin lokalitet Håvik var også nominert i denne klassen.


Lerøy Sjøtroll sin lokalitet Tveitnesvik vart kåra til den beste i vår 16G aure. Blom
Fiskeoppdrett sin lokalitet Laksevika og Eide Fjordbruk sin lokalitet Eikebæråne, var dei to andre nominerte.

 

 

 

Please reload