© 2017 Eide Fjordbruk AS

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen, Norway

  • facebook
  • instagram
  • linkedin

Her er vinnarane av Framifrå Produksjon 2017

        

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  Foto: Vidar Langeland / Cargill

 

Under middagen på EWOS-møtet på Solstrand fredag kveld, vart vinnarane av
Framifrå Produksjon tildelt sine prisar. Eide Fjordbruk stakk av med to prisar,
medan Lerøy Sjøtroll og Blom Fiskeoppdrett fekk kvar sin.

 

Det er femte gong Framifrå Produksjon kårar utslakta fisk av laks og aure i EWOS region vest. Kåringa er for å premiere godt handtverk av dei som jobbar på lokalitetane langs kysten. Nytt av året er også at lokalitetar i Møre og Romsdal var med i kåringa.

 

I laks haust 14-generasjonen var det Eide Fjordbruk sin lokalitet Brandaskuta ved driftsleiar Trygve Samnøy som vart kåra som vinnar i Framifrå Produskjon 2017. Dei to andre nominerte lokalitetane var Lingalaks sine lokalitetar Jibbersholmane og Toska Nord. Brandaskuta ligg på vestsida av Snilstveitøy ved innlaupet til Hardangefjorden, medan begge dei to Lingalaks-lokalitetene ligg i Nordhordland.

 

Også i laks vår 15-generasjonen var det familieselskapet Eide Fjordbruk som stakk av med sigeren. Her var det lokaliteten Langøy i Nordhordland med driftsleiar Frode Westervik som kom best ut. I denne klassen var også Lerøy Sjøtroll sin lokalitet Storoksen i Hjeltefjorden mellom Askøy og Øygarden, og Osland Havbruk sin lokalitet Sørevik inne i Sognefjorden nominerte.

 

I klassen aure haust 14-generasjon var det Lerøy Sjøtroll sin lokalitet Skjerholmen ved driftsleiar Tonny-Frode Nygård som vart kåra som vinnar. Lokaliteten ligg i Raunefjorden mellom Bergen og Sotra. Dei andre nominerte i klassen var AquaGen sin lokalitet Hegrebergtrøa i Tingvollfjorden i Møre og Romsdal, og Lerøy Sjøtroll sin lokalitet Skorpo Vest i Lysefjorden utanfor Os kommune.

 

I klassen for aure vår 15-generasjonen vart vinnaren Blom Fiskeoppdrett med lokaliteten Syrtangen og driftsleiar Robert Mikkelsen. Lokaliteten ligg sør i Øygarden kommune utanfor Bergen der også selskapet held til. Dei andre nominerte lokalitetane var Lerøy Sjøtroll sine to lokalitetar Blom på søraustsida av Osterøy i Sørfjorden og Raunevågen i starten på Ålfjorden i Sveio kommune i Sunnhordland.

 

http://www.intrafish.no/nyheter/1212660/her-er-vinnarane-av-framifraa-produksjon-2017

 

 

 

 

Please reload