© 2017 Eide Fjordbruk AS

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen, Norway

  • facebook
  • instagram
  • linkedin

Eide Fjordbruk søkjer om 6 utviklingskonsesjonar med eit unikt teknologikonsept

April 15, 2016

 

Sjå føre deg eit oppdrettsanlegg der ein har fullstendig oversikt over alle viktige tilhøve og risikoar som påverkar dei ulike prosessane. Eit anlegg som har kontinuerleg kontroll med veksten og helsa til fisken, risiko for sjukdom, lusepåslag, korleis anlegget påverkar omgjevnadene og korleis omgjevnadane påverkar
anlegget.


Tenk om anlegget sjølvkontrollert kan treffa preventive tiltak for å redusera risiko for fisk og miljø, samstundes som til dømes røktarane får ein mindre belastande og tryggare kvardag.


Dette er den langsiktige visjonen som Eide Fjordbruk og partner-bedriftene ynskjer å oppfylla gjennom eit særs ressurskrevjande utviklingsarbeid.

 

Noreg har naturgitte fortrinn, lang erfaring og mykje utstyr knytt til oppdrett med dagens teknologi. Prosjektet vårt bygger vidare på dette driftskonseptet for å bevara og utvikla desse fortrinna me har i Noreg, samstundes med at det skal utviklast ny teknologi som gir auka kontroll med noverande og framtidige utfordringar.

 

Prosjektet skal utvikla ny sensorteknologi, autonome farkostar og nye datakjelder for å skaffa til veie informasjon som ein ikkje har i dag. Samstundes skal det utviklast ein teknisk infrastruktur for framtida sine oppdrettsanlegg, som gjer det mogeleg å samla og stola på all informasjonen som vert henta inn. Deretter vil prosjektet ved hjelp av moderne databehandling og «big-data» analyseverktøy letta arbeidet for oss, og gjera det mogeleg å oppdaga og hindra kritiske situasjonar før eventuelle skadar er eit faktum!

 

Sentralt i dette arbeidet er utvikling av ein open teknologiplattform som knyter saman alle datakjelder og gjer det mogeleg å arbeida med dei store datamengdene som vert tilgjengelege. Gjennom å kombinera datakraft som kan sjå samanhengar som ikkje er openbare for menneskjer med den ekspertisen og erfaringa som næringa alt har tilgang på i dag, får prosjektet eit unikt fortrinn.

 

Prosjektet utviklar også fleire verktøy i kampen mot næringa sine utfordringar, m.a.:


 Ny teknologi for å hindra anleggshavari og rømming
 Autonom lusevern som vert regulert etter ”lusetrussel”
 System for å kunna hindra sjukdom på eit tidleg stadium
 Installasjon for minimering av utslepp på lokalitetar med dårleg miljødata
 Ny flåteteknologi med redusert visuelt støy, designa for operasjonar med       autonome farkostar og med framtida sin IT-infrastruktur integrert m.m.


Prosjektet byggjer også på erfaring og teknologi frå andre næringar. Prosjektpartnerane våre er viktige aktørar med lang erfaring frå matproduksjon i sjø og andre næringar. Med betre kontroll og openheit rundt matproduksjon i sjø si påverknad, er det mogeleg å tilpassa produksjon m.m. og ta i bruk både meir eksponerte og meir skjerma lokalitetar basert på best mogeleg
informasjonsgrunnlag, ikkje på berre på ”tru”.


Teknologien og metodane som skal utviklast vil også kunna avdekka årsakssamanhengar og bidra til å avverja andre truslar enn dei som er i fokus i dag.

 

 

Please reload