© 2017 Eide Fjordbruk AS

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen, Norway

  • facebook
  • instagram
  • linkedin

Eide Fjordbruk AS aukar matproduksjonen – fire nye løyve

March 30, 2016

 

Eide Fjordbruk AS og Fyllingsnes Fisk AS har etter semje med staten fått tilsegn om 4 nye matfiskløyve. Dagleg leiar Knut Frode Eide er glad for at den langvarige tvisten med staten er løyst og at selskapa er styrka.

Tvisten starta våren 2009 då Fiskeridirektoratet lyste ut nye matfiskløyve for laks og aure i Hordaland. Eide Fjordbruk AS og Fyllingsnes Fisk AS søkte om løyve.

Søknadane vart avslått. Eide Fjordbruk AS og Fyllingsnes Fisk AS klaga, men avslaga vart oppretthalde. Selskapa reiste sak mot staten fordi dei meinte avslaga var urette.

Gulating lagmannsrett avsa dom 17. desember 2014. Lagmannsretten slo fast at det var feil å avslå søknadane. Slutninga går ut på at avslaga var ugyldige og at selskapa hadde krav på erstatning frå staten. Det vart avklart i mars 2015 at anken frå staten ikkje slapp inn i Høgsterett.

Det har vore ført lange og konstruktive forhandlingar som til slutt løyste saka. Løysinga er god for selskapa og det er etterlengta med ei avklaring av ei sak som har versert i nesten sju år.

Det var Advokatfirmaet Harris med advokatane Christian Schadenberg Mathiassen og Gerd Aaland Fagerli som prosederte saka for domstolane. Saman med dei har advokat Grunde Bruland frå Wikborg Rein vore Eide sin rådgjevar i tvisten og forhandlingane.

Løyva vil skapa etterlengta distriktsarbeidsplasser i Hordaland. Ikkje berre i Eide konsernet, men også i tilstøytane næringar. Selskapa vil ha trong for fleire tilsette og meir eigna areal for å vidareutvikla matproduksjonen i sjø på ei god måte.

Eide Fjordbruk har som visjon: ”Me skal dyrka sjøen for å auka moglegheitene til framtidige generasjonar» og ynskjer å bidra til ei berekraftig utviklinga av verda sin matproduksjon ved å produsera sunn mat i sjø.

Ved spørsmål kontakt: Eide Fjordbruk AS

Samfunnskontakt Ove Gjerde tlf. 458 77 277 eller ove.gjerde@efb.no

Please reload