© 2017 Eide Fjordbruk AS

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen, Norway

  • facebook
  • instagram
  • linkedin

Mattradisjon

Eide har tradisjonar for matproduksjon sidan 1600- talet. Ei reise frå jord, via vatn til sjø.

Smoltanlegg

Smoltanlegget i Støa ligg på garden som har våre i familien sidan 1600-talet. Dette er ein av dei fyrste stadane ein starta med oppdrett i Noreg kor Eide hadde ei sentral rolle. Utviklinga på anlegget har gått føre seg sidan byrjinga i 1970, innovasjonen har vore stor og anlegget leverer i dag det me reknar som Noregs beste smolt.

Region Hardanger

Hardangerfjorden er Noregs nest lengste. Den strekk seg over 183 km frå Halsnøy og Huglo i vest til Odda og Eidfjord i aust. Hardangerfjorden omringa Folgefonna og det reine brevatnet renner ut i Hardangerfjorden. Her er det optimale forhold for produksjon av laksefisk og er eit av dei områdene i Noreg med lengst farstid innan lakseoppdrett. Eide har fire lokalitetar i denne regionen alle ligg sentralt i Hardanger i området rundt Varalsdøy og Rosendal.

Region Nordhordland

Regionen er den nordlegaste i Hordaland og grensar til Sogn og Fjordane. Vardetangen på Lindåshalvøya i Nordhordland er og Noregs vestlegaste fastlandstpunkt. Nordhordland består av fleire fjordsystem med tett tilknyting til Nordsjøen. Oppdrettsforholda er enkelte stader røffe, men dei er optimale for produksjon av laksefisk. Eide har fem lokalitetar i Region Nordhordland: to lakselokaliteter i Fensfjorden, en i Fedjeosen og to aurelokalitetar i Osterfjorden.