© 2017 Eide Fjordbruk AS

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen, Norway

  • facebook
  • instagram
  • linkedin

Eide har tradisjonar for matproduksjon sidan 1600- talet. Ei reise frå jord, via vatn til sjø.

Mattradisjon 

Historisk Milepælar

1600

Hovudbruket på Eide (gnr. 72) delt i to. Dei to bruka vart etter kvart oppkalla etter brukarane rundt midten av 1800-talet, Anders og Johan: Andersbruket og Johanebruket, og etterkomarane vart kalla «Andersfolket» og «Johanefolket». Knut Johan og Knut Frode Eide stammar frå «Johanefolket».

1917

Knut Johan Johanson Eide gifta han seg med Karoline Johannesdotter Veum og øvetek husmannsplassen «Luren», urydda og ubebygd.

1951

Jordskifte på Eide. Husmannsplassen Luren eigde parsellen «Holmen» som låg ved Skogseidvatnet. Parsellen var på 3-4 mål og jordbruksverdien vart vurdert til null. Likevel ynskte Knut Johan Eide å behalda parsellen og ikkje byta den i anna jord. Smoltanlegget og hovudkontor ligg fortsatt på denne passellen.

1968

Magne Bolstad startar med oppdrett i Skogseidvatnet. Magne byde klekkjeri heime i kjellaren, den fyrste rogna kom frå ein Egeland i Sandnes.  

1970

Motivert av Magne Bolstad sitt gjennombrot fatta også Knut Johan Eide interesse for oppdrett av regnbogeaure og startar med aureoppdrett i skogseidvatnet.

1973

Midlertidig lov av 8. juni 1973 om fiskeoppdrett sette krav til at alle måtte registrera seg for å driva lovleg og nye aktørar måtte ha konsesjon. Anlegget vart då registrert hos Fiskeridirektoratet som K.J. Eide Fiskeoppdrett og med konsesjonsnummer HFS 8.

1977

Knut Johan startar med laksesmolt i Skogseidvatnet. Det er no kombinasjonsdrift av regnbogeaure og laksesmolt. I denne perioden vart det sett opp fire 10-meters aluminiumsskar på land med vasstilførsel frå Eideselva.

2000

1950

1900

1800

1750

1990

1980