© 2017 Eide Fjordbruk AS

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen, Norway

  • facebook
  • instagram
  • linkedin

Utviklingsforsprang

Eide Fjordbruk er eit resulat av entrepenørskap. Me jobbar kvar dag for å utvikla bedrifta til å verte meir framtidsretta innan matproduksjon.

 

Frå selskapet vart etablert i 1970 har mykje av drifta vore basert på prøving/feiling og erfaringsbygging. Utviklinga til selskapet har på mange måtar våre ein kontenuerlig FOU-prosess.

 

I januar 2013 fekk Eide Fjordbruk AS som eit av totalt fem selskap tildelt FOU-konsesjon for storskala forsøksproduksjon av triploid (steril) laks. FOU produksjonen skjer i tett samarbeid med Aquagen og Havforskningsintituttet. Ved å ta i bruk steril-laks i kommersiell matfiskproduksjon, vil utfordringane med rømd oppdrettslaks og genetisk forureining av villaks-stammer langt på veg vera løyst.

 

"Triploidisering" av rogn skjer ved å høgtrykksbehandle nybefrukta rogn slik at fisken får tre sett med kromosom. Tidlegare forsøk med triploid fisk har medført produksjonsutfordringar med blant anna fare for ryggdeformitetar. Bruk av spesialfôr har tidlegare vist å kunne redusere innslaget av ryggdeformitetar betydeleg. Triploid fisk set større krav til vassmiljø samanlikna med ein tradisjonell fisk blant anna på grunn av lågare oksygenopptak. Vinteren 2013 vart det fyrste gong lagt inn triploid rogn på settefiskanlegget vårt i Eidestøa, K.J. Eide Fiskeoppdrett. I tillegg vart det lagt inn vanleg diploid rogn som er heilsysken til den triploide fisken som kontrollgruppe. Resultata etter slakting har vist lovande resultater, men det trengs fortsatt å vidareutvikle produksjonen før ein kan seie at triploid er eit fullgodt alternativ til diploid laks.

 

Forsøka krev omfattande registreringar, prøvetaking og analysar av både triploid fisk og kontrollgruppe. For å sikre at ernæringsbehova til den triploide fisken blir oppfylt så har Eide Fjordbruk valgt å nytta spesialfôr fra Biomar på fisken både i ferskvatn- og i sjøvannsfasen. For å sikre at den triploide fisken får best mogleg oksygentilhøve i merdane gjennom året så har me valgt å redusere tettheten i merdar med trioploid fisk betydeleg samanlikna med vanleg laks.

 

Forskning og Utvikling