© 2017 Eide Fjordbruk AS

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen, Norway

  • facebook
  • instagram
  • linkedin

Mattradisjon

Eide har tradisjonar for matproduksjon sidan 1600- talet. Ei reise frå jord, via vatn til sjø.

Historisk Milepælar

29. mars 2016 vil gå inn i bedrifta sine historiebøker som ein av dei beste dagane nokosinne. Eide har etter ein årelang tvist med staten fått kompensasjon for matfiskkonsesjonar Eide og Fyllingsnes skulle vorte tildelt i 2009.

Bedrifta har no åtte kommersielle matfiskkonsesjonar i tillegg til eit FOU-løyve, og er med dette godt rusta for vidare vekst inn i framtida som matprodusent i sjø. 

Startar bygging av nytt kontorbygg hausten 2014 i Eidestøa.

Eide Fjordbruk får tildelt FOU-løyve til eit samarbeidsprosjekt med m.a. AquaGen om triploid fisk. Den fyrste triploide rogna vart lagt inn i klekkeriet i januar 2013.

Eide går inn med ca 30 % av aksjane i selskapet SkjelbreidPoirée. Dette er eit forsøk på å bidra til å skapa aktivitet og arbeidsplassar i Hålandsdalen. Prosjektet vert ferdigstilt i 2011.

Knut Frode inngår samtalar med Lindås-selskapet Fyllingsnes Fisk AS om ei eventuell overtaking. Selskapet er eigd av brørne Inge og Steinar Fyllingsnes, og firmenningen deira Egil Fyllingsnes. Fyllingsnes Fisk vert kjøpt av Eide Fjordbruk i løpet av desember 2009. Fyllingsnes Fisk driv med aureproduksjon ved to lokalitetar i Osterfjorden, og dei har rettar til lokalitetane Langøy og Ospeneset i Fensfjorden/Austfjorden i Lindås kommune. Etter nesten 20 år med produksjon av berre laks er familien Eide no attende som produsent av regnbogeaure.

Ny akvakulturlov tok til å gjelda frå 2006. Overgang frå fôrkvotar til MTB (maksimal tillatt biomasse). Årsomsetninga i 2006 var på ca 70-80 millionar kroner. Årsproduksjonen var på ca 4000 tonn rundvekt.

Selskapet får positivt svar på søknaden om ein ny konsesjon. Eide Fjordbruk kjøper denne konsesjonen som har konsesjonsnummer HK 63. Søkjer om lokalitet Hågardsneset og Brandaskuta ved Snilstveitøy i Kvinnherad. Selskapet får hand om desse to lokalitetane i løpet av 2004.

Selskapet fekk ILA-diagnose på Hondskår. På grunn av fiskehelseomsyn og restriksjonar vart Eide Fjordbruk AS forhindra frå å levera slaktefisk i ein periode på rundt 60 dagar. Dette vart eit svært krevjande år for selskapet.

Selskapet Eide Fjordbruk AS vart stifta. Dette året fekk Eide Fjordbruk AS overta Gitle Emil Ragnhildstveit sine rettar til produksjon i sjø, konsesjonsnummer HK 33. Frå dette året gjekk Eide-familien altså frå å drifta ein til to konsesjonar i sjø.

K. J. Eide Fiskeoppdrett avdeling Grønevik vart starta i 1988. Knut Frode pantsette huset sitt for å få finansieringa på plass. Produksjonen skjedde i Hardangerfjorden ved lokalitet Grønevik i Kvinnherad kommune. Fyrste konsesjonsnummer i Hardanger var HK 32 og konsesjonsvolumet var på 5000 m3.

Eide får løyve til å etablera anlegg og produksjon i sjø ved lokalitet Kvålsneset i Bergegrend i Fusa kommune. Fyrste utsett av fisk bestod av fire 40-metringar (plastringar) med regnbogeaure. Det vart gjort to utsett av fisk ved lokalitet Kvålsneset, begge med regnbogeaure.

Knut Frode seier opp stillinga si i Nordsjøen og startar med å arbeida aktivt i familieverksemda. Konsekvensen for Knut Frode vart dobbel arbeidsmengd og meir enn halvert løn over dei neste 10 åra. I 1985 reiste Knut Frode på enkeltturar i Nordsjøen for å spe på inntekta.

Dette året kom den fyrste permanente oppdrettslova «Lov av 15. mai 1981 nr. 19». Det vart tildelt 50 nye konsesjonar på 3000 m3.

Knut Johan Eide startar med laksesmolt i Eidestøa. I denne perioden vart det sett opp fire 10-meters aluminiumskar på land med vasstilførsel frå Eideselva. Det er no kombinasjonsdrift av regnbogeaure og laksesmolt. Knut Johan Eide starta òg for fyrste gong med oppdrett i sjøvatn i Hardangerfjorden dette året. Saman med Rolv Haugarvoll etablerte han selskapet Lingalaks AS, der dei eigde halvparten kvar. Samarbeidet varte i ca 10 år. I 1988 bestemte Knut Johan seg for å selja sin del i Lingalaks AS til familien Haugarvoll.

Midlertidig lov av 8. juni 1973 om fiskeoppdrett sette krav til at alle måtte registrera seg for å driva lovleg og nye aktørar måtte ha konsesjon. Anlegget vart då registrert hos Fiskeridirektoratet og fekk konsesjonsnummer HFS 8.

Motivert av Magne Bolstad sitt gjennombrot fatta også Knut Johan Eide interesse for oppdrett av regnbogeaure og starta med aureoppdrett i Skogseidvatnet.

Magne Bolstad startar med oppdrett i Skogseidvatnet. Han bygde òg klekkeri heime i kjellaren, den fyrste rogna kom frå Olav Egeland i Sandnes.  

Jordskifte på Eide. Husmannsplassen Luren eigde parsellen «Holmen» som låg ved Skogseidvatnet. Parsellen var på 3-4 mål og jordbruksverdien vart vurdert til null. Likevel ynskte Knut Johan Eide å behalda parsellen og ikkje byta han i anna jord. Smoltanlegget og hovudkontoret ligg framleis på denne parsellen.

Knut Johan Johanson Eide gifta han seg med Karoline Johannesdotter Veum og overtok husmannsplassen «Luren», urydda og ubygd.

Hovudbruket på Eide (gnr. 72) vart delt i to. Dei to bruka vart etter kvart oppkalla etter brukarane rundt midten av 1800-talet, Anders og Johan: Andersbruket og Johanebruket, og etterkomarane vart kalla «Andersfolket» og «Johanefolket». Knut Johan og Knut Frode Eide stammar frå «Johanefolket».