© 2017 Eide Fjordbruk AS

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen, Norway

  • facebook
  • instagram
  • linkedin

For å dekka behova til ei auka befolkning lyt ein gjera meir med mindre. Vårt bidrag er å gjere matproduksjon meir berekraftig.

Begrensa resussar

Berekraft

Berekraft vart fyrste gong nytta i Bruntlandrapporten i 1987 der berekraftig utvikling vart definert som ”Ei utvikling som imøtekommer behova til dagens generasjon utan å redusera moglegheitane for kommande generasjonar til å dekke sine behov”.

 

Me ser ofte problemstillingar mellom miljømessig, sosiale og økonomiske interesser. Ei berekraftig utvikling er ei utvikling som tar hensyn til kvar av desse problemstillingane utan at nokre av dei vert undertrykt. I ei verd kor befolkninga går i rekordfart mot 9 milliarder er grensedragningen til berekraftigheit hårfin. For å ha ei berekraftig verd i framtida lyt ein gjere meir med mindre. Ein lyt dekkje behovet til den ekstra befolkninga utan at ein nyttar meir ressursar eller forureinar meir.

 

Eide Fjordbruk har som visjon at ”Me skal dyrka sjøen for å auka moglegheitane til framtidige generasjonar”. Me ynskjer å bidra til ei berekraftig utviklinga av verdas matproduksjon ved å produsere sunn mat i sjø. Jordkloda består av over 70% vatten, eit areale som endo er svært dårleg utnytta. Ei betre utnytting av dette arealet er heilt sentral for å berekraftig håndtera befolkningsauka verda står øve for. I tillegg til å frigje landareale er matproduksjon i sjø ei svært klimavennleg måte å produsere proteinar på. Me er heilt sikre på at ein betre må nytta sjøen for å leggje til rette for kommande generasjonar, vårt bidrag er flytta matproduksjona ut i sjøen.