© 2017 Eide Fjordbruk AS

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen, Norway

  • facebook
  • instagram
  • linkedin

Eide har tradisjonar for matproduksjon sidan 1600- talet. Ei reise frå jord, via vatn til sjø.

Mattradisjon 

2006

Ny akvakulturlov tok til å gjelda frå 2006. Overgang frå fôrkvotar til MTB (maksimal tillatt biomasse). Årsomsetninga i 2006 var på ca 70-80 millionar kroner. Årsproduksjonen var på ca 4000 tonn rundvekt.

2009

Knut Frode inngår samtalar med Lindås-selskapet Fyllingsnes Fisk AS om ei eventuell overtaking. Selskapet er eigd av brørne Inge og Steinar Fyllingsnes, og tremenningen deira Egil Fyllingsnes. Fyllingsnes Fisk vert kjøpt av Eide Fjordbruk i løpet av desember 2009. Fyllingsnes Fisk driv med aureproduksjon ved to lokalitetar i Osterfjorden, og dei har rettar til lokalitetane Langøy og Ospeneset i Fensfjorden/Austfjorden i Lindås kommune. Etter nesten 20 år med produksjon av berre laks er familien Eide no attende som produsent av regnbogeaure i Osterfjorden.

2011

Eide går inn med ca 30 % av aksjane i selskapet SkjelbreidPoiree. Dette er eit forsøk på å bidra til å skapa aktivitet og arbeidsplassar i Hålandsdalen. Prosjektet vert ferdigstilt i 2011.

2013

Eide Fjordbruk får tildelt FOU-tilatelse. Samarbeid med Aquagen om FoU-konsesjon og triploid fisk startar frå årsskiftet 2012/2013. Den fyrste triploide rogna vart lagt inn i klekkeriet ved årsskiftet.

2014

Startar bygging av nytt kontorbygg hausten 2014 I Eidestøa.

2000

1950

1900

1800

1750

1990

1980

Historisk Milepælar