© 2017 Eide Fjordbruk AS

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen, Norway

  • facebook
  • instagram
  • linkedin

Eide har tradisjonar for matproduksjon sidan 1600- talet. Ei reise frå jord, via vatn til sjø.

Mattradisjon 

1978

Knut Johan Eide starta for fyrste gong med oppdrett i sjøvatn i Hardangerfjorden, saman med Rolv Haugarvoll etablerte han selskapet Lingalaks AS, der dei eigde halvparten av selskapet kvar. Samarbeidet varte i over 10 år. I 1988 bestemte Knut Johan seg for å selja sin andel i Lingalaks AS til familien Haugarvoll.

1981

Dette året kom den fyrste permanente oppdrettslova «Lov av 15. mai 1981 nr. 19». Det vart tildelt 50 nye konsesjonar på 3000 m3.

1984

Knut Frode seier opp stillinga si i Nordsjøen og starta med å arbeida aktivt i familieverksemda. Konsekvensen for Knut Frode vart dobbel arbeidsmengd og meir enn halvert løn over dei neste 10 åra. I 1985 reiste Knut Frode på enkeltturar i Nordsjøen for å spe på inntekta.

1986

Eide etablerte anlegg og produksjon i sjø ved lokalitet Kvålsneset i Bergegrend i Fusa kommune. Fyrste utsett av fisk bestod av fire 40-metringar (plastringar) med regnbogeaure. Det vart  gjort to utsett av fisk ved lokalitet Kvålsneset, begge med regnbogeaure.

1988

K.J. Eide Fiskeoppdrett avdeling Grønevik vart starta i 1988. Knut Frode pantsette huset sitt for å få finansieringa på plass. Produksjonen skjedde i Hardangerfjorden ved lokalitet Grønevik i Kvinnherad kommune. Fyrste konsesjonsnummer i Hardanger var HK 32 og konsesjonsvolumet var på 5000 m3.

1993

Selskapet Eide Fjordbruk AS vart stifta. Dette året fekk Eide Fjordbruk AS overta Gitle Emil Ragnhildstveit sine rettar til produksjon i sjø, konsesjonsnummer HK 33. Frå dette året gjekk Eide-familien altså frå å drifta ein til to konsesjonar i sjø.

1996

Selskapet fekk ILA-diagnose på Hondskår. På grunn av fiskehelseomsyn og restriksjonar vart Eide Fjordbruk AS forhindra frå å levera slaktefisk i ein periode på rundt 60 dagar. Dette vart eit svært krevjande år for selskapet.

2004

Selskapet får tilsegn på søknaden om ein ny konsesjon. Eide Fjordbruk kjøper denne konsesjonen som har konsesjonsnummer HK 63. Søkjer om lokalitet Hågardsneset og Brandaskuta ved Snilstveitøy i Kvinnherad. Selskapet får hand om desse to lokalitetane i løpet av 2004.

2000

1950

1900

1800

1750

1990

1980

Historisk Milepælar