Me meiner at det trengs nye og meir berekraftige fôringrediensar og meir berekraftige produksjonsmetodar, både på land og i sjøen. Ein av våre ambisjonar er å bruke vår innkjøpspraksis for fôr for å fremje berekraftige produksjonsformer og fôringrediensar. I tillegg har me som mål å være med på å utvikle fôringrediensane for framtida og sørge for at desse er trygge, ikkje berre for forbrukaren, men òg for fisken vår. Du kan lese meir om dette viktige FoU-arbeidet i avsnittet om matsikkerheit.
Økologisk landbruk
Sjølv om hovuddelen av fôringrediensane i økologisk laksefôr kjem frå marine kjelder, er det framleis ein betydeleg del plantebaserte ingrediensar. Ved å produsere økologisk laks på nokre av anlegga våre bidreg me til å auke etterspurnaden etter økologiske ingrediensar sidan det berre er økologisk produserte avlingar som kan brukast i fôret til vår økologiske laks. Avlingar som vert dyrka økologisk kan ikkje nytte kjemiske eller syntetisk produserte plantevernmidlar eller kunstgjødsel. Økologisk landbruk er basert på fire prinsipp:
Helseprinsippet - Økologisk landbruk skal oppretthalde og fremje helsa til jord, plantar, dyr, menneske og planeten som ei udeleleg eining.
Økologiprinsippet - Økologisk landbruk skal byggje på levende økologiske system og kretsløp, arbeide med dei, etterlikne dei og bidra til å oppretthalde dei.
Rettferdsprinsippet – Økologisk landbruk skal byggje på relasjonar som sikrar rettferd for vårt felles miljø og mogelegheiter for utfalding av liv.
Omsorgsprinsipp - Økologisk landbruk skal forvaltast på ein ansvarleg måte basert på føre-var prinsippet for å beskytte helse og velvære til nolevande og framtidige generasjonar.
Me deltek òg i eit pilotprosjekt med regenerativt jordbruk som dekkjer ei rekkje landbruksmetodar, der nokre av dei overlappar med økologisk landbruk, medan nokre går langt utover desse. Hovudmålet er å minimere jordforstyrringar, oppretthalde levande røter, eit kontinuerleg jorddekke og å auke biologisk mangfald både over og under bakken. Å nytte denne praksisen bidreg òg til å forbetre andre viktige problem i tillegg til jordhelse, for eksempel biologisk mangfald på garden, bevare ferskvatn og reduserte klimagassutslepp.
Redusere pløying av jorda - frå konvensjonell pløying til minimal eller inga pløying kan bevare og auke organisk materiale på jordoverflata som inneheldt karbon, og bevare god jordstruktur – spesielt redusere komprimering av jord som kan auke vassavrenninga frå åkeren.
Dekkvekstar, planta etter haustinga og fjerna før vårplantinga, kan gje ei rekkje fordelar. Avhengig av plantane som vert dyrka, kan nitrogen og organisk materiale tilførast jorda. Dei bidreg òg til å oppretthalde jorddekke og levande røter i jorda gjennom året.
Redusere bruk av gjødsel - Nitrogengjødsel vert tilført rutinemessig i tradisjonelt industrielt jordbruk for å auke avlinga, men å produsere det er ein energikrevjande prosess, og dersom gjødsel vert tilført ovanfrå kan det brytast ned til lystgass som er ein kraftig drivhusgass.
Nyttige insekt-/pollinatorstriper er landstrimlar som er sådd med ei blanding av plantar for å støtte insekta sitt biologiske mangfald i store jordbruksområde. Blandinga vert vald for å støtte nyttige insekt som pollinatorar og rovinsekt som kontrollerer skadedyrarter i eit integrert system for skadedyrhandtering. Stripene kan òg bidra til å redusere erosjon og redusere sediment- og næringsavrenning, samt gje eit lite bidrag til lagring av organisk karbon i jorda.
Samvekstar vert dyrka i åkeren saman med hovudavlinga for å hjelpe til med å forsvare seg mot skadedyr, samt for å tilføre jorda nitrogen eller forbetre jordstrukturen, avhengig av arten som vert planta. Nokre artar bidreg til å skremme vekk skadedyr eller tiltrekkje seg rovinsekt som igjen beskyttar hovudavlinga.
I 2022 kjøpte Eide fôr med kveitegluten produsert med regenerativ praksis frå pilotbønder i Storbritannia. Gluten frå kveite er ei god proteinkjelde som kan erstatte mellom anna soyaproteinkonsentrat i fôrdietten. Pilotprosjektet dekka i overkant av 1500 hektar med land, og produserte rundt 8 200 tonn kveite.
CO2-reduksjonane og karbonbindinga i jorda vert rekna ut basert på data på garden, dyrkingsprinsippa og avlinga, i tråd med beste praksis for klimagassutslepp og –rekneskap etter Gold Standard og Greenhouse Gas Protocol. Reduksjonen av karbonutslepp vert deretter rekna inn i klimarekneskapet som «innsatsar» – ei reduksjon nytta innanfor verdikjeda til selskapet.
I tillegg til å bidra til betre jordhelse og auka etterspurnad etter avlingar dyrka med bruk av regenerative prinsipp, fekk me gjennom prosjektet i tillegg redusert våre scope 3 (indirekte) klimagassutslepp frå fôr med 4,3 prosent ved å nytte desse innsatsane på våre utslepp for 2022 .
Både økologisk dyrka avlingar og avlingar dyrka ved bruk av regenerative prinsipp har framleis ei høgare kostnad samanlikna med konvensjonelt, industrielt landbruk.
Det meste av våre utslepp kjem frå matfiskanlegga i sjøen og består av organisk materiale i form av slampartiklar frå fiskeavføring, og oppløyste næringsstoff som nitrogen og fosfor som fisken skil ut gjennom gjellene. Miljøtilstanden under og i nærleiken av anlegga vært sjekka jamleg av uavhengige ekspertar.
Settefiskanlegga som produserer laksesmolt har òg utslepp gjennom at dei tek inn ferskvatn i anlegget som deretter vert slept ut igjen saman med oppløyste næringssalt frå fisken.
Me har mål om å ha miljøtilstand «meget god» eller «god» på alle våre sjølokalitetar, og minimum god økologisk- og kjemisk miljøtilstand på resipientane utanfor setjefiskanlegga våre.
Uavhengig av om påverknaden på fjorden er negativ eller ikkje, kan desse næringsstoffa sjåast på som tapte ressursar. Frå ein sirkulærøkonomisk ståstad ynskjer me difor å nytte desse til noko nyttig. Difor har me ein langsiktig holistisk visjon der alle ressursane vert nytta, anten ved å samle opp slammet eller avføringa for å foredle det til nye produkt som for eksempel gjødsel til landbruk og biogass, eller ved å nytte næringsstoffa som fôr til andre marine skapningar som tang, tare og blåskjel gjennom integrert havbruk (IMTA).
Interne rutinar
Produksjonen blir tilpassa dei lokale forholda, slik at ein ikkje går over bereevna til den enkelte lokaliteten. Selskapet rettar seg etter alle reglar og påbod for handtering av fisk, fiskefôr og avfall og har internkontrollsystem som bidreg til å sikre dette. Selskapet er òg sertifisert etter Global GAP-standarden for akvakultur.
Overvaking av miljøtilhøve under anlegga
Alle våre matfiskanlegg gjennomfører trendovervaking av miljøtilstanden på lokaliteten etter Norsk Standard 9410 (MOM-B). Undersøkingane overvaker botnforholda under og i nærleiken av akvakulturanlegga og målar påverknaden frå anlegget. Undersøkinga vert utført av et kompetent organ, som kan dokumentere fagleg kompetanse og som er uavhengig av oss. Undersøkinga vert utført med ein grabb frå merdkanten og frå båt omkring anlegga og gjev ei kvalitativ beskriving av tilhøva til botnsedimenta med ein score frå «svært god» til «svært dårleg» (1-4), der tilstand 4 vert rekna som overbelasting. Undersøkinga skal gjennomførast med faste frekvensar basert på resultata frå førre måling og er risikobasert på den måten at dårleg tilstand fører til hyppigare undersøkingar. Enkelte lokalitetar har låg toleevne og får raskt nedsett status, medan andre har svært høg bereevne. I dei tilfella der miljøundersøkinga viser at status under anlegget ikkje er god er tid utan fisk som regel den beste medisinen.
Overvaking av vasskvalitet og økosystem i fjordane
Eide deltek i tillegg i prosjektet Marin Overvaking i regi av Blue Planet som overvakar vasskvaliteten i fjordområda i Hordaland. Føremålet er å sikre at oppdrettsaktivitet i regionen ikkje overgår områda si bereevne. Prosjektet dokumenterer vasskvalitet, botnforhold og makroalgebiotop (tang og tare) gjennom året på ei rekke lokalitetar i regionen.
Overvaking av vasskvalitet og økosystem i ferskvatn
Eit av våre settefiskanlegg har utslepp til ferskvatn. Dette vatnet er difor også omfatta av jamleg prøvetaking og overvaking av miljøtilstand.
Oppsamling av slam
Me har i løpet av 2022 investert i nytt utstyr for slamoppsamling på to av anlegga som har høgast risiko for negativ påverknad på resipient. Dette utstyret vil takast i bruk i løpet av første halvdel av 2023 og vil bidra til å redusere belastinga på desse områda ved at ein stor del av særleg det partikulære utsleppet vært samla opp. Etter oppsamling vert mykje av vatnet fjerna før slammet vert nytta i biogassproduksjon og som gjødsel i landbruket.
Dyrking av blåskjel i integrert havbruk
I 2022 fekk me løyve til integrert havbruk på lokasjon Torvneset i Nordfjord. I 2023 vil me her starte opp FoU forsøk med blåskjelproduksjon. Blåskjel er ein musling-art som veks gjennom å filtrere store mengder vatn og tek på denne måten opp mange av dei same næringsstoffa som laksen skil ut. Blåskjelproduksjon er framleis ikkje kommersielt lønsamt i stor skala i Noreg, verken for humant konsum eller til fôr, då det krev store investeringar og store areal. Likevel har arten eit stort potensial både som menneskemat og fôrråvare dersom det er vilje til det politisk og lokalt.
Me har totalt elleve ulike sjølokalitetar i konsernet. Av desse hadde åtte miljøtilstand svært god, to hadde god og éin hadde tilstand dårleg etter siste undersøking. Ingen hadde tilstand svært dårleg. I 2020 hadde me ein lokalitet med tilstand svært dårleg, denne var brakklagt i 2021 og tilstanden er no betra, men framleis utfordrande. På denne lokaliteten har me no investert i ny teknologi for å samle opp slampartiklar frå fiskefeces for å redusere belastinga under anlegget og få heva lokaliteten til tilstandsklasse god.
Settefiskanlegg i drift, der det eine har utslepp til sjø med god miljøtilstand, medan det andre har utslepp til ferskvatn. Dette ferskvatnet har nyleg vorte klassifisert med moderat økologisk tilstand etter krava i EU sitt Vassdirektiv. I samband med dette har verksemda fått pålegg om ytterlegare miljøundersøkingar. I tillegg investerer me også her i ny teknologi for reinsing av avløpsvatnet for å redusere vår eiga påverknad på vatnet og me ventar at dette tiltaket vil bidra til betra miljøtilstand i vatnet.
Me har tru på at desse tiltaka vil verke positivt og er optimistiske med tanke på å nå målet om 100 % god eller svært god tilstand. Alle anlegga er underlagt kontroll av miljøvernavdelinga hjå Fiskeridirektoratet og har i 2022 ikkje fått nokon vesentlege merknadar i samband med desse kontrollane.
1
Me skal unngå at ressursar kjem på avvege gjennom å sørge for å ikkje bruke meir enn me må og gjenbruka der me kan. Lokalt skal me skal me arbeide for å kjempe mot utfordringa med plast i havet og bidra til å halde strendene reine. Me arbeidar òg for å bidra til å redusere matsvinn.
Me skil mellom avfall, biprodukt, utslepp og matsvinn. Biprodukt er produkt som kunne vorte avfall dersom me ikkje hadde nytta det og inngår som ein del av vår sirkulærstrategi, men inngår ikkje i rapportert mengd avfall. Utslepp av for eksempel næringssalt og slam inngår i tråd med GRI 306 heller ikkje her, men er eit viktig område og er omtalt i avsnittet om vatn og utslepp. Matavfall nedstrøms er dekka i avsnittet om mattrykkleik.
I produksjon av laks har me generelt lite avfall, og ein stor del av avfallet me har vært resirkulert. Avfallet omfattar mellom anna brukte nøter, tau og fôrslangar, samt ei mindre mengd restavfall og farleg avfall som malingsrestar og brukte smøreoljer.
Me har gode rutinar for reparasjon og vedlikehald for å forlenge levetida på utstyr. Utstyr som nøter og merdar vert returnert og resirkulert etter avslutta levetid. Me nyttar slitesterke, antistatiske fôrslangar av høg kvalitet, for å betre tilhøva for dei tilsette og unngå utslepp av mikroplast frå innvendig slitasje av slangane. Brukte fôrslangar vert returnerte og resirkulert til nye produkt. Når me skiftar ut gamle anlegg, fôrflåtar eller båtar vil dette òg bidra til avfall, men både stål, aluminium og PE-plast er 100% resirkulerbart.
Me støttar organisasjonar som arbeider for å kjempe mot plast i havet og deltek jamleg på strandryddeaksjonar med utstyr og personell.
Alt avfall vært handtert i tråd med gjeldande lover og forskrifter for avfallshandtering
2
Hovudproduktet vårt, laks og aure, blir ete av menneske verda rundt. Laks har eit svært høgt filetutbytte som sikrar at ein stor del av fisken faktisk kan gå til høgverdig humant konsum.
100% av fisken me produserer vert nytta og det vert laga ei rekke spanande biprodukt frå dei ulike delane.
Avskjer frå filletering kan bli til gode lakseburgere, medan trimming av feittranda langs buken er svært ettertrakta til sushi i mange marknadar.
Når ein lagar skinnfrie laksefiletar får me òg lakseskinnet som eit biprodukt. Her finst det selskap som spesialiserer seg på å lage produkt av lakseskinn, og alt frå sunne laksechips til klokkereimer og belte kan lagast av lakseskinnet.
Andre delar som laksehovud og ryggbein kan gå både til humant konsum og til dyrefôr. Blod og innvollar vært foredla til lakseolje som er verdifull råvare i fôr til andre husdyr enn laks (animalske biprodukt kategori 3) og går slik tilbake i fôrsyklelen. Sløyesvinnet utgjer om lag 17% av den levande vekta til laksen, medan filétutbyttet
All død fisk frå produksjonsfasen vert ensilert og levert for bruk til anten pelsdyrfôr, biogass eller kompost (animalske biprodukt kategori 2).
Frå 2023 vil me òg samle opp slam som vil bli nytta til biogass og gjødsel samt starte småskala FoU-produksjon av blåskjel produsert på oppløyste næringssalt frå laksen. Blåskjel kan foredlast til blåskjelmjøl som òg kan inngå i fôr til laks.
4
Me trur at framtidas matproduksjon må vere karbonnøytral og at kundane våre ynskjer å kjøpe og ete trygg, sunn og god mat utan karbonavtrykk. Me har derfor ein langsiktig nullvisjon for utslepp av CO2. Fram mot 2030 har me òg mål om å kutte karbonintensiteten våre direkte utslepp (scope 1) med minst 60%, og dei samla utsleppa inkl scope 3 med minst 50%, i tråd med 1,5-graders målet i Parisavtalen.
Me kan dele våre tiltak i fire kategoriar; tiltak for å kutte eigne utslepp i scope 1 og scope 2, tiltak for å kutte indirekte utslepp i scope 3 og kompenserande tiltak for utslepp me ikkje klarar å kutte sjølv endå.
For oss var det viktig å starte med oss sjølve og våre direkte utslepp i scope 1. Me sat oss derfor i 2016 mål om å elektrifisere alle anlegga våre med landstraum eller hybrid drift. Framover har me òg mål om å elektrifisere båtane våre.
Etter kvart som me erstattar fossilt brensel i scope 1 med elektrisitet vil utsleppa våre frå scope 2 auke utan andre tiltak. I tillegg til å kutte utslepp ynskjer me å bidra til å stimulere lokal kraftproduksjon og skiftet til rein energi. Me skal derfor kjøpe grøn lokal vasskraft til vårt kraftbehov.
Indirekte utslepp i scope 3, og særleg utslepp knytt til produksjon av fôr og fôrråvarer står for det meste av karbonavtrykket til laksen. Dette er derfor eit svært viktig fokusområde for å redusere det totale avtrykket per kg produsert laks. For oss handlar dette om to ting. Det fyrste er å sikre at me får det riktige fôret, noko me sikrar gjennom kontinuerleg utvikling og testing, samt tett og god dialog med våre fôrleverandørar. Det andre er å få mest mogeleg kvalitetslaks ut av fôret me nyttar og det viktigaste for å oppnå dette er å halde dødelegheita, fôrfaktoren og fôrsvinnet så lågt som mogeleg gjennom heile produksjonen.
Til slutt har me tiltak retta mot å kompensere for utsleppa som me endå ikkje har klart å kutte sjølve. Ved å samarbeide med uavhengige ekspertar på karbonnøytralisering, Climate Care Partners, kompenserer me for våre uunngåelege, resterande utslepp gjennom å støtte karbonreduserande prosjekt
For 2022 oppnådde me eit utslepp i scope 1 på 1 107 tonn CO2e. Scope 1 utsleppa er reduserte med 38% samanlikna med basisåret 2018, i hovudsak grunna overgang til landstraum på anlegga.
I 2022 nytta me berre rein energi frå norsk, lokal vasskraft. Utsleppa her vart difor berre på 15 tonn CO2e, ei reduksjon på 98% samanlikna med kva dei ville vore med gjennomsnittleg europeisk kraftmiks.
Våre indirekte utslepp i scope 3 var på 40 975 tonn, der fôr utgjorde 33 678 tonn. Scope 3 utsleppa er reduserte med 14 355 tonn, tilsvarande ei reduksjon på 27%.
Eide støtta i 2022 karbonfinans-prosjekter som bidrog til ein reduksjon på 4 640 tonn CO2e. Me har då kompensert for alle dei uunngåelege, resterande utsleppa frå selskapa våre i Scope 1 og 2, samt dei scope 3 utsleppa som er knytt til vår eiga verksemd, slik som forretningsreiser og avfall. Kompensasjonen er gjort etter krava i The CarbonNeutral Protocol, den globale standarden for karbonnøytralisering. Som eit resultat er Eide sertifisert som ei karbonnøytral bedrift.
I tillegg inkluderer kompensasjonen alle karbonutsleppa i verdikjeda til laksen frå egg til ferdig slakta laks basert på krava i The CarbonNeutral Protocol for laks som er sertifisert som karbonnøytral (Mamasea®).
Me støttar i dag to prosjekt, skogbevaringsprosjektet Darkwoods i Canada, og eit globalt prosjekt for investeringar i fornybar energi i utviklingsland. Tidlegare har CO2-kompensasjonen frå Eide også gått til ei rekkje andre prosjekt, frå å bidra til reine kokemogelegheiter i Malawi, til å skaffe hushald i India varmt vatn basert på solvarme og restaurering av våtmarksområde i USA.
Totalt vart samla utslepp per kg laks produsert før kompenserande tiltak på 2,54 kg CO2e, eller 2,26 kg netto inkl kompenserande tiltak. Dette svarar til ein reduksjon på 1,76 kg CO2e per kg laks eller 41% samanlikna med basisåret 2018 på 4,30 kg.
Totalt har me redusert utsleppa våre med 15 967 tonn CO2e årleg før kompenserande tiltak, tilsvarande ei absolutt reduksjon på 27% årleg. Reduksjonen i karbonintensitet per kg er større en den absolutte reduksjonen målt i tonn grunna auke i produksjonsvolumet i perioden.
Me lagar vårt eige klimarekneskap etter GHG Corporate Protocol og her kan du lese meir om dei ulike tiltaka våre, utsleppa frå produksjonen vår og korleis dei er berekna og korleis me kompenserer for vårt avtrykk.
Det komplette klimarekneskapet vårt finn du på vår heimeside www.efb.no